Musikk- og aktivitetsfestival for deg mellom 14 og 18 år
Jondal- Hardanger
Aktivitetar

1 stor skaterampe, 2 miniramper, trampoliner, volleyball, fotball, bading, motorcross på Snowboardcampen på Espeland eller ski/brett på Folgefonn Sommarskisenter! Hugs badetøy Smile

Vil du vera med til aktivitetsområdet på Espeland kostar det berre 50 kr og det inkluderar buss tur/retur (ca 5 km). Billett kjøper du på festivalområde. Det er begrensa antall billettar, så her er  det "første mann til mølla" prinsippet som gjeld .....

Me har sjølvsagt stort fokus på sikkerheit for deltakarane. Det vert vakthald og Røde Kors vil vere til stades.

Meir informasjon om aktivitetsområde finn du her

Transport til Folgefonn Sommarskisenter må deltagarane ordne og betale sjølve, det går ordinære bussar tur/retur Jondal sentrum - Folgefonn Sommarskisenter (18 km).

Folgefonna Ungdomsfestival tek ikkje ansvar for deltakarane som vel å nytte Folgefonn Sommarskisenter sine aktivitetstilbod.

Vil du veta meir om sommarskisenteret klikk deg inn på www.folgefonn.no