|
Me veit at du er oppteken av at ungdommen din skal ha eit trygt opphald på festival i Jondal, og me vil at du skal veta at me tek sikkerheita til ungdommane svært alvorleg! Me har sikkerheitsvakter heile døgret så lenge festivalen pågår, og alle som jobbar som frivilleg under festivalen blir godt kursa på førehand. Me samarbeidar tett med Politiet, Røde Kors og Brannvesen. Lensmannen i Jondal er òg er med i sikkerheitsteamet vårt.
Det er utarbeid ein eigen Tryggleikshandbok og ein ROS analyse (Risiko- og sikkerheitsanalyse).
Viktig informasjon til alle:
Me har fått fleire spørsmål frå foreldre og føresette om vår haldning til narkotika og alkohol. Her har me sjølvsagt nulltoleranse. Viss nokon vert tatt med narkotika, tek me straks kontakt med foreldre/føresette og politi. Her er det ingen unntak!!
Nulltolleransen for rus gjeld og for alle artistane på backtage område.
Viss nokon (som er under 18 år) blir tatt for å drikke alkohol, blir foreldre/føresette kontakta umiddelbart. Her er det ingen unntak!!
For dei som er 18 år eller eldre, er det ikkje lov å drikke alkohol på festival- eller campområdet.
Me har ansvar for dei som bur på campen, men me har IKKJE ansvar for dei av ungdommane som vel å bu andre stader.
Foreldre er hjarteleg velkomne til å bu på campen saman med ungdommane sine og tek dei ei vakt er det gratis inngang på festivalen.
|