Folgefonna Ungdomsfestival er ein konsert- og aktivitetsfestival, så her kan du få både i "pose og sekk". Du kan velga å vera med på aktivitetar både laurdag og sundag, men det er heilt opp til deg kva du har lyst å bruka tida di på. På festivalområde kan du høyra musikk heile dagen lang, og laurdagskvelden kan du slå deg laus på diskotek med DJ Barabass (Bergen)
Kven kjem??? Me håper du kjem, og på scena får du oppleva Paperboys, Absence & Blipp, Gunslingers, Kakkmaddafakka, The Micropops, Anne Valborg, Jitney + mange flotte band og artistar frå heile Hordaland!
Sjekk ut artistar og program i menyen til venstre! |